Spennande og tilrettelagte arbeidsoppgåver!

Varig tilrettelagt arbeid (VTA)

Målgruppe:

For deg som er uføretrygda, men har ei restarbeidsevne.

Mål:

Arbeid skal bidra til å utvikle ressursar gjennom tilrettelagt arbeid, kvalifisering, personleg utvikling og auka livskvalitet.

Innhald:

Tilrettelagt arbeid og opplæring i våre varierte interne arbeidsavdelingar. Kvalifisering, tett oppfølging, sosial trening og motivering.

Arbeidsførebuande trening (AFT)

Målgruppe:

For deg som treng ekstra bistand til å skaffe ordinært arbeid.

Mål:

Avklaring og arbeidsutprøving i våre varierte interne arbeidsavdelingar og/eller utprøving og trening i ordinært arbeidsliv. Tiltaket kombinerar arbeidstrening og opplæring.

Innhald:

Arbeidsførebuing, karriererettleiing, undervisning, jobbmeistring, arbeidsevneutprøving, tilrettelagt opplæring, oppfølgingsbistand i praksis, arbeidstrening, basisferdigheitstrening og yrkesfaglege løp.

Interne arbeidsavdelingar

Bakeri og konditori

Brød og bollar, kaker og konfekt, kundebehandling og salg. Det er mykje som fristar.

Vaskeri og renseri

Viktige og varierte arbeidsoppgåver med høg grad av rutine og stabilitet.

Catering og Jobbfrukt

Ferske råvarer – fine fargar – gode lukter. For deg som likar å arbeide med mat og gode smakar.

Handverk

Likar du å vere kreativ og jobbe med fysisk arbeid, er dette avdelinga for deg. Tekstil-, skinn- og trearbeid. Her vert det produsert alt frå transportkassar til gryteklutar.

Klar for nye oppgåver?

Du er velkommen til å ta direkte kontakt med fagleg leiar for meir informasjon.