Arbeidsleiar - Kokk, 100% stilling

Om stillinga

Vi søkjer ein kreativ og nyskapande arbeidsleiar som vil vere med å utvikle bedrifta i lag med oss.  Du skal rettleie og følgje opp arbeidstakarane våre og skape gode arbeidsarenaer og godt arbeidsmiljø.

Kjøkkenavdelinga vår er i stadig utvikling og pr i dag delt inn i kjøkken med cateringoppgaver og jobbfruktkonseptet, samt bakeri, konditori og butikkutsalg.

Arbeidsoppgavene vil vere produksjon og kundekontakt, og i samarbeid med fagleg leiar følgje opp opplærings- og utviklingsplanar til arbeidstakarane. Vi utviser fleksibilitet mellom avdelingane i bedrifta og hjelper kvarandre der det trengs.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Fagbrev som kokk
  • Til stillinga ligg også salg og kundekontakt
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Du er trygg, sjølvstendig, utadvendt og skapar tillit og arbeidsglede
  • Gode holdningar som representerer verdiane våre
  • Du held orden og samarbeider lett med andre
  • Generell IT-kompetanse
  • Førarkort for bil klasse B
  • Beherske norsk munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Eit meiningsfylt, utfordrande og variert arbeid for og med mennesker
  • Fast arbeidstid frå kl 0730 til kl 1500 vekedagar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjonsordningar og personalforsikringar, velferdsgoder og fellesgoder
  • Løn etter avtale

Det vil bli kravd politiattest ved tilsetjing

Tilsetjing snarast eller etter avtale.

Søknadsfrist 08.03.2023.

Søknad med CV sender du på e-mail til audny@viergo.no.

Kontaktperson for stillinga er dagleg leiar Audny Gjøsæter Hollund, tlf 48055756