Utvikling, livskvalitet og meistring

gjennom tilrettelagt arbeid og arbeidstrening.

Vi er ei kompetanse- og opplæringsbedrift. Vårt føremål er å legge til rette for at alle skal oppleve utvikling og auka livskvalitet gjennom meiningsfullt arbeid.

Arbeid er verktøyet som bidrar til å utvikle ressursar, enten om du er tilsett hos oss i Varig Tilrettelagt Arbeid (VTA) eller gjennom arbeidstrening i tiltaket Arbeidsførebuande Trening via NAV.

Om du er uføretrygda, men ønskjer å nytte restarbeidsevna di, eller om du av ulike grunnar treng bistand til å komme i ordinært arbeid, har vi lang erfaring og god rettleingskompetanse.

Om du er kunde hos oss, skal du vera trygg på at kvaliteten på produkt og tenester er god.

Visste du at namnet vårt er ein kombinasjon av det franske ordet «Vie» som tyder liv, og det latinske ordet «Ergon» som tyder arbeid?

Arbeid er ein viktig føresetnad for eit godt liv for dei aller fleste!